Synliggjøringstillegg til læreplaner for fag i Fagfornyelsen.
Et tillegg til «Fagets relevans og sentrale verdier» til bruk i kristne friskoler, godkjent av v Utdanningsdirektoratet 2020Matematikken byggjer på at verda er skapt med struktur og orden, der grunnsteinane er føresetnader, aksiom, som ikkje kan provast. Faget kan derfor bidra til å gje elevane ei forståing av at ikkje all kunnskap byggjer på naturvitskaplege prov. Matematikken har også nokre estetiske verdiar – han har mønstre, reglar og former som kan vekkje undring og glede. Gjennom å arbeide medmatematikken kan elevane få større undring og respekt for skaparverket og Gud som skapar.
Matematikken er eit språk Gud har gitt menneska for å kunne forstå og forvalte skaparverket. Faget skal gje elevane kunnskap som kan nyttast i teneste for Gud, medmenneske og skaparverket. Utvikling av evne til kritisk tenking vil innebere at elevane lærer å analysere og vurdere kva normer og verdiar som vert formidla der matematikken blir brukt, til dømes i politisk og ideologisk argumentasjon. Elevane skal bli rusta til å sjå etter implisitte haldningar og verdiar i praktiske døme i undervisninga. Dei skal og utforske bruk av matematikken i døme som fremjar nestekjærleik, forvaltaransvar og gleda ved å gje og som motverker materialisme og konsumenthaldning.
Video fra Reasonable Faith
For læreren