Eposet er gjeve ut av Norea Mediemisjon og gjengjeve med velvillig tillating. 

FORDYPNING FOR LÆRAREN: Eposet om Tore og Viva viser tydeleg dei store endringane som kom i det norske samfunnet då folket lærte Jesus, eller Kvitekrist, å kjenna. Hendingane er lagt til ca. år 1000 etter Kristus. Personane er ikkje historiske, men har historiske parallellar.

Demokrati og medborgerskap

#1000 år med kristendom i Norge

Om kristenretten

1024 vart Kristenretten vedteken på Moster. Kristenretten representerer ei samling av reglar ein måtte følgja for å leva eit kristent liv. Dette var ei brytningstid mellom heidenskapet, der makta og dei mektige styrte land og folk og læra om Kvitekrist. I den gamle læra hadde enkeltindividet liten verdi. Det var slekta som var viktig og retten var knytta til makta. Med kristenretten kom omsorga for dei svakaste, og erkjenninga av at kvar og ein var skapt i Guds bilete.

Eposet om Tore og Viva

Kva har kristninga av Noreg å bety når det gjeld synet på menneskeverdet? I vikingtida var omlag fjerdeparten av folket vårt i slavekår. Kva kom kristendomen til å bety for desse minste i samfunnet? Odd Dubland seier: Eg ser for meg ein slik træl. Eg har kalla han Tore. Han bur i ein dal ved ein fjord på Vestlandet. Hendingane er lagt til ca. år 1000 etter Kristus, på Erling Sjalgson si tid. Personane er ikkje historiske, men har historiske parallellar.

Odd Dubland har skrive eit mektig epos om desse brytningane mellom den gamle og den nye tid. Her møter me trælen Tore som opplever at Viva, dotter hans, blir valdteken av ein stormann og øydelagd for livet. I dramatikken skjer det forunderlege ting der det vonde og forferdelege blir vendt til noko useieleg godt til slutt.

Trælen Tore hadde ei dotter så ven.
Ho var i sitt sekstande år
og vakker som ein vår.
Ho miste si mor då ho lita var,
og Tore ville vera ein god far.
Ho var for far sin eit ljos i den mørke natt.
Ja, ho var hans kjæraste skatt.

Så kom ein stormann til dalen
Han var glad i sin mjød og både vilter og galen.
Tore prøvde å gøyma Viva på låven,
men stormannen drog henne med makt inn i koven.
Han skjemde henne ut for resten av hennar liv,
og trakka henne ned som eit sundbrote siv.
Sidan måtte ho fylgja som mannen si frille,
til dess han slengde ho frå seg som ei utbrukt fille.
Og barnet ho fekk til skogen vart bore.
Ja, slik kunne dei fara åt, desse store.
Og barnet låg tungt på Viva sitt minne.
Ho vart alvorleg sjuk på sinnet.
Ho sat helst heime hjå far sin, han Tore,
og stirde tomt framfor seg på krakken ved bordet

Eposet i pdf-format.

Hefte

Bestill eposet frå Norea Mediemisjon her.

Høyr Odd Dubland fortel og les om eposet