MATEMATIKK
Her finner du undervisningsressurser knyttet til synliggjøringen av det kristne verdigrunnlaget og kompetansemål i faget, samt aktualiseringer fra populærkulturen og bakgrunnsstoff for læreren.
Synliggjøring av det kristne verdigrunnlaget
Matematikken byggjer på at verda er skapt med struktur og orden, der grunnsteinane er føresetnader, aksiom, som ikkje kan provast. Faget kan derfor bidra til å gje elevane ei forståing av at ikkje all kunnskap byggjer på naturvitskaplege prov. Matematikken har også nokre estetiske verdiar – han har mønstre, reglar og former som kan vekkje undring og glede. Gjennom å arbeide medmatematikken kan elevane få større undring og respekt for skaparverket og Gud som skapar.
Matematikken er eit språk Gud har gitt menneska for å kunne forstå og forvalte skaparverket. Faget skal gje elevane kunnskap som kan nyttast i teneste for Gud, medmenneske og skaparverket. Utvikling av evne til kritisk tenking vil innebere at elevane lærer å analysere og vurdere kva normer og verdiar som vert formidla der matematikken blir brukt, til dømes i politisk og ideologisk argumentasjon. Elevane skal bli rusta til å sjå etter implisitte haldningar og verdiar i praktiske døme i undervisninga. Dei skal og utforske bruk av matematikken i døme som fremjar nestekjærleik, forvaltaransvar og gleda ved å gje og som motverker materialisme og konsumenthaldning.
Tillegg til Fagets relevans og sentrale verdier .
Utarbeidet av KFF. Til bruk i kristne friskoler etter avtale med KFF. Godkjent av Utdanningsdirektoraktet juni 2020.