Denne undervisningsressursen er utarbeidet av Johannes Sæleset

UNDERVISNINGSRESSURS: I dette opplegget får elevane høve til å undra seg over korleis jorda har akkurat dei forutsetningane som må til for at menneska skal kunne leva her, kontrollera eld og utvikla teknologi. Undringa kan koma inn på at mennesket ser ut til å vera plassert her med ein hensikt utover berre å overleva. Forutsetningane som er lagt til rette, kan leia tanken inn på at Gud kan stå bak denne hensikten.

Synliggjøringen av det kristne verdigrunnlaget i naturfag

Kjerneelement, naturfag

Kompetansemål, naturfag etter 7.trinn

  • gjøre rede for jordas forutsetninger for liv og sammenligne med andre himmellegemer i universet

Læringsmål

  • Gjera greie for forutsetningar for liv på jorda
  • Gjera greie for forutsetningar for at menneske kan kontrollere eld
  • Kjenna til kva varmebehandling gjer med mat
  • Kjenna til kva rolle eld har spelt i utvikling av teknologi og samfunn
  • Reflektera rundt forutsetningane knytt til filosofi og tru

(Ta bort mål du ikkje ynskjer å fokusera på)

Intro

I dette opplegget får elevane høve til å undra seg over korleis jorda har akkurat dei forutsetningane som må til for at menneska skal kunne leva her, kontrollera eld og utvikla teknologi. Undringa kan koma inn på at mennesket ser ut til å vera plassert her med ein hensikt utover berre å overleva. Forutsetningane som er lagt til rette, kan leia tanken inn på at Gud kan stå bak denne hensikten.

Dei tre delane kan brukast i samanheng. Med unntak av del 2 kan dei også brukast enkeltvis.

Kvar powerpointpresentasjon har notat til lysbilda med formidling, oppgåver og aktivitetar. Kursiv tekst er lærarrettleiing

I tillegg til kompetansemålet om jordas forutsetningar for liv er opplegget relevant for desse måla:

Relaterte læreplanmål

  • gjøre rede for noen av kroppens organsystemer og beskrive hvordan systemene virker sammen (naturfag 7. trinn)
  • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (naturfag 7.trinn)
  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster (samfunnsfag 7. trinn)

Oversikt

Undervisningsopplegg i tre delar

Undervisningsopplegg – filer

Varigheit

1 – forutsetningar for liv, kontrollert eld og teknologi Flammenes herre del 1 – powerpointpresentasjon 2-3 timar
2 – korte praktiske aktivitetar 60 min
3 – gruppeoppgåver forutsetningar for liv, kontrollert eld og teknologi Flammenes herre del 3 – gruppeoppgåver forutsetningar for liv, kontrollert eld og teknologi

Flammenes herre del 3 – powerpointpresentasjon gruppeoppgåver forutsetningar for liv, kontrollert eld og teknologi

60 min

Del 1 – forutsetningar for liv, kontrollert eld og teknologi

Tid: 3 timar

Undring og undervisning om forutsetningar for liv og teknologi. Opplegget er i naturfag, men dreg koplingar til samfunnsfag. 

Utstyr

  • PC og storskjerm 
  • Grupper på 3-4 elevar
  • Eitt A3-ark per gruppe

Opplegg

Vurdering

  • Eigenvurdering opp mot læringsmål på lysbilde 3

Del 2 – korte praktiske aktivitetar

Tid: 60 minutt

Praktisk arbeid

Gjennomfør nokre av desse aktivitetane for å få erfaringar knytt til nokon av forutsetningane frå førre del

Opplegg

Atmosfæren – aktivitetar som bidrar til å observere effekten av lufttrykket

Atmosfæren – aktivitet som gir ein opplevelse av ein alternativ atmosfære

  • Puste på Jupiter
    • Bland ut salmiakkvatn i ei bøtte. Følg anvising på flaska og bruk briller+hanskar.
    • Dypp ein bomullsdott i salmiakkvatnet og legg denne i ei skål
    • Ta med skåla til klasserommet
    • Sett opp eit leiketelt eller liknande  i klasserommet og plasser bollen inni. 
    • Sei til elevane at dei som vil «puste på Jupiter» kan besøke teltet etter tur og kjenne på lukten av ammoniakk
      • Be dei ikkje snuse rett på bomullsdotten og ikkje ta på den
    • Ha dialog med elevane om atmosfæren på Jupiter som eksempel på kor ulike forhold det er på andre planetar. 
    • Spør elevane om dei trur det går an å fyre bål på Jupiter


Mennesket – perfekt for å kontrollera eld

  • Konkurranse: Raskaste «nervesignal»
    • Del klassen i to lag
    • La ein frå kvart lag stille seg ved eit bord i eine enden av rommet. 
    • På bordet ligg det ein lighter og seks lys – tre til kvart lag
    • La resten av laga danne to rekker som held hendre heilt over til andre sida av rommet der lærar står med ein terning. 
    • Oppgåva: Du trillar terningen gjentatte gonger til du får seks. Med ein gong du har fått seks skal den som står nærmast deg frå begge lag klemme handa til nestemann. Så skal signalet gå frå hand til hand heilt til andre enden der det er førstemann å få tak i lighteren. Det vinnande laget får tenne eit lys. 
    • Vinnarlaget er det som først får tent sine tre lys

Vurdering

  • Vurder om elevane ser aktivitetane i samanheng med læringsmåla i del 1.

Del 3 – gruppeoppgåver – forutsetningar for liv, kontrollert eld og teknologi

Tid: 60 minutt

Gruppeoppgåver der elevane skal anvenda forutsetningane frå del 1 i diskusjon, og reflektera over dei

Utstyr

Opplegg

Vurdering

  • Ut frå samtalar i grupper og plenum
    • Viser eleven forståing for forutsetningar for liv?
    • Gjer eleven koplingar mellom dagens tema og
      • Erfaringar med eld i kvardagsliv og friluftsliv
      • Kunnskap om kroppen
      • Kunnskap om teknologi

Om forfatteren til undervisningsmateriellet

Johannes Sæleset er grunnskolelærer for trinn 5-10 og har skrevet doktorgrad i naturfagdidaktikk. Hans forskning handler om hvordan naturfaglærerstudenter lærer og underviser i praksis. Johannes har vært daglig leder i stiftelsen BioCosmos, og jobber nå som lærer ved Ekrehagen skole i Tromsø.