UNDERVISNINGSRESSURS: Aktivitetsheftet er ein ressursbank beståande av ein pdf med korte oversiktstekstar, illustrasjonar, forslag til undervisningsopplegg med ulike aktivitetar og oppgåver og lenkjar til digitale ressursar.

På oppdrag frå Moster 2024 har IKO Kirkelig pedagogisk senter utvikla eit aktivitetshefte med forslag til undervisningsopplegg om tusenårsjubileet, norsk kulturarv og kristenrettens tyding for Noregs historiske og samfunnsmessige utvikling. Opplegget er primært mynta på lærarar på mellomtrinnet, men vil enkelt kunne tilpassast andre alderstrinn. 

Last ned aktivitetshefte som pdf

Aktivitetsheftet inneheld illustrasjonar frå Egil Nyhus og jubileumsboka «Moster iz da thing»

Heftet kan enkelt distribuerast digitalt til skular og lærarar, men kan òg skrivast ut som eit fysisk hefte. Heftet er utforma med tanke på tverrfagleg samhandling, og inneheld materiale og aktivitetar som kan tilpassast og brukast innanfor faga norsk, KRLE, samfunnsfag, matematikk, naturfag, kroppsøving, mat og helse, engelsk og musikk. Under overskrifta til kvar aktivitet står det kva fag den aktuelle aktiviteten eignar seg for.

Materialet er fagleg og pedagogisk forankra og utvikla av fagfolk med kompetanse innanfor mellom anna mellomalder, historie, samfunnsfag, norsk, religion og etikk (KRLE) samt pedagogikk/didaktikk for grunnskulen. Heftet består av både digitale og analoge ressursar til bruk i klasserom/på skulen og utandørs. Ressursbanken inneheld ein kombinasjon av aktivitetar som kan gjerast individuelt, klasseromsaktivitetar som kan gjerast saman heile klassen og gruppearbeid og prosjektbaserte opplegg.

Til slutt finn de eit forslag til skule-kyrkje-samarbeidd utvikla av Skåre sokn, som kan tilpassast lokalt.

Gjengitt med velvillig tillatelse.

Print Friendly, PDF & Email