KROPPSØVING
Her finner du undervisningsressurser knyttet til synliggjøringen av det kristne verdigrunnlaget og kompetansemål i faget, samt aktualiseringer fra populærkulturen og bakgrunnsstoff for læreren.
Synliggjøring av det kristne verdigrunnlaget
Mennesket er skapt av Gud som ein integrert heilskap av ånd, sjel og kropp. Menneska er ulike, men alle har same verdi. I kroppsøvingsfaget vert likeverdet utfordra på ein særskilt måte, faget skal motivere elevane til å sjå at deira verdi er uavhengig av prestasjonar og funksjonsevne. Elevane skal lære å setje pris på seg sjølve, med den kroppen dei har, og å ta vare på kroppen som ein del av skaparverket. Faget skal fremje positiv livsutfalding og innsats ut frå eigne føresetnader, og motverke det seksualfikserte og marknadsstyrte fokuset på kroppen som er utbreidd i samfunnet.
Samspel i leik og idrett legg til rette for gode fellesopplevingar. Faget skal gje elevane høve til å vise omsorg for kvarandre og oppmuntre kvarandre slik at rørsleglede og sjølvkjensle vert styrkt. Friluftsliv skal gje elevane glede gjennom naturopplevingar og aktivt motivere til forvaltaransvar for alt Guds skaparverk.
Tillegg til Fagets relevans og sentrale verdier .
Utarbeidet av KFF. Til bruk i kristne friskoler etter avtale med KFF. Godkjent av Utdanningsdirektoraktet juni 2020.