FAGFORNYELSEN: Synliggjøringen av det kristne verdigrunnlaget i læreplanen er utarbeidet av Kristne Friskolers Forbund og i samarbeid med medlemsskolene. Synliggjøringen er et tillegg til «Fagets relevans og sentrale verdier». Dette er til bruk i kristne grunn- og videregående skoler, etter styrevedtak. Tilleggene er godkjent av Utdanningsdirektoratet 19.juni 2020.
Les mer om Godkjente synliggjøringstillegg på KFFs nettside.
- Læreplankode: SAF01-04- Læreplan i samfunnsfag med synliggjort verdigrunnlag (PDF)
Synliggjøringen av det kristne verdigrunnlaget i samfunnsfag
Kva det gode liv og det gode samfunn er, er ikkje spørsmål med verdinøytrale svar. Faget må difor gje stort rom for refleksjon rundt kva som er godt og rett i samfunnet, og må klargjere korleis ulike livssyn og tankesystem fører til ulike verdi- og samfunnssyn. Faget byggjer på ei kristen forståing av samfunnet, med ei røyndomsoppfatning og eit menneskesyn som seier at Gud har skapt verda, held henne oppe og er aktiv i menneska sitt liv. I faget skal elevane utforske korleis menneska gjennom sine handlingar kan vere aktive, ansvarlege medarbeidarar i Guds skaparverk. Elevane skal bli bevisste på religionen sin påverknad på etiske haldningar, sosiale strukturar og lover, og spesielt korleis kristen tru, tanke og sed har prega utviklinga i Noreg.
Fordi mennesket er skapt i Guds bilete, har det potensiale til å gjere godt, men på grunn av syndefallet har det og potensiale til å gjere vondt. Elevane skal bli bevisste på korleis menneske kan verte freista til å misbruke makt, og dei skal bli rusta til å ta ansvar for eige og medansvar for andre sitt liv.