I denne artikkelen ser Margunn S. Dahle nærmere på Les Miserables’ forfatter og fortelling.

Fascinasjonen

Romanen Les Miserables var utseld få timar etter lanseringa i 1862, og vart utgitt samstundes på ni språk. Kritikkane var blanda, men suksessen sikra, og romanen står som ei søyle i verdslitteraturen. Men det er som kjelda til den mest populære musikalen gjennom tidene at Les Mis er blitt allemannseige.Meir enn 60 millionar menneske i 42 land har sett musikalen – som er oversett til 21 språk. Ingen musikal har stått lenger på plakaten i London, som ved 25-årsjubiléet baud på to oppsetjingar parallelt i ein månads tid. Feiringa vart toppa med konsertversjon i The Millenium Dome, med opptak for visning på 130 kinoar verda over. Her til lands har musikalen hatt suksess både på storbyscenar og regionale arenaer, og er sett opp heile fem gonger berre dei siste seks åra. Fleire filmatiseringar er det òg blitt, men ingen kan måle seg med storsatsinga som hadde Norgespremiere på kinolerretet i går. Fascinasjonen vil utvilsamt gripe endå meir om seg.

Men kva er det som gjer at denne musikalen, bygd på Victor Hugo si over 150 år gamle forteljing frå eit turbulent Frankrike tidleg på 1800-talet, har slik internasjonal appell? Den fantastiske songen og musikken, så vel som skodespelarkunsten, kostymane og kulissane er sjølvsagt sterkt medverkande til at Les Mis ”… fascinerer og fortryller, og etterlet ingen uberørt”, slik det heitte ved 25-årsjubiléet i London. Mest av alt er det likevel sjølve forteljinga som treff publikum.

Forteljinga

Hugh Jackman, som spelar hovudpersonen Jean Valjean i den ferske filmen, meiner at mykje av fascinasjonen ligg i at Les Miserables er eit portrett av den menneskelege tilstanden, og at menneskenaturen jo ikkje forandrar seg. I eit intervju i Aftenposten Kultur denne månaden, peikar han på at alle menneske søkjer noko som er større enn seg sjølv, og at Les Mis viser at dette er rett framføre oss, i kjærleiken til medmenneska våre. Den aller siste replikken til Valjean er då òg fylgjande: «Å elske eit anna menneske, er å sjå Guds ansikt.»

Når vi først møter Valjean, har han imidlertid ei heilt anna haldning til Gud. Nettopp frigitt etter 19 år i fengsel for å ha stole to brød til systera sitt sveltande barn, er han bitter både på Gud og verda. Overrumpla av biskopen si tilgjeving, skjer det så gradvis ei djup forvandling. Når vi fylgjer Valjean vidare gjennom livet, ser vi gong på gong ekko av denne nådehandlinga i Valjean sine eigne møte med andre, inkludert politimeisteren Javier – som ser seg sjølv som vaktar av lov og rettferd på Guds vegne, og stendig jaktar på Valjean.

Les Miserables kan sjåast som ei historie om utfriing – i vid forstand, der tema som identitet, menneskeverd, rettferd, nåde og håp står sentralt både i hovedforteljinga og i dei ulike delhistoriane. Men i motsetnad til det som oftast er tilfelle; nemleg at utfriing vert skildra som eit resultat av hovudpersonane sitt eige strev eller større sjølvinnsikt, er den her kopla med nåde.

Storverket Les Mis kan med andre ord omtalast som ei forteljinga om nåde med ringverknader. Sjølv seier Victor Hugo at verket frå perm til perm syner ein prosess frå vondt til godt, frå urettferd til rettferd, frå løgn til sanning, frå natt til dag, frå apati til samvit, frå øydelegging til liv, frå bestialitet til plikt, frå helvete til himmel, frå ingenting – til Gud. Det byrjar med det materielle og ender med sjela. Udyret i byrjinga, engelen til slutt.

Forfattaren

Victor-Marie Hugo. Foto fra Wikipedia

Victor Hugo (1802-1885) var altså svært medviten om målsetjinga med arbeidet sitt, noko som prega heile hans mangfaldige virke. Då han vart gravlagd i Pantheon i Paris, skreiv avisa Le Figaro: ”Det 18. hundreåret tilhøyrde Voltaire. Det 19. er Victor Hugo sitt».

Hugo merka seg ut både som forfattar, humanist og politikar, og er mellom anna kjend for at han revolusjonerte det franske teateret på 1820-talet. Den litterære produksjonen var talrik, og i mange sjangrar. Då obligatorisk skule vart innført i Frankrike på 1880-talet, fekk dikt og forteljingar av Hugo ein sjølvsagt plass. Internasjonalt har romanane Ringeren av Notre Dame og 1793 merka seg ut, mens Les Miserables står i ei særstilling.

Allereie i1829 kom det første store litterære verket hans. Le Dernier jour d’un condamné (En dømt manns siste dag) reflekterte det sterke sosiale engasjementet som skulle prege heile forfattarskapen, og fekk stor innverknad på forfattarar som Albert Camus, Charles Dickens og Fyodor Dostoevsky. I 1834 kom så Claude Gueux, ei dokumentarnovelle om ein mordar som vart henretta i Frankrike. Sjølv såg Hugo denne novella som forløpar til Les Mis – som altså er det største verket hans om sosial urettferd.

Hugo byrja nemleg tidleg i 1830-åra å planlegge ein roman om den sosiale elendigheita og urettferda som prega Paris, men det skulle ta 17 år før fembindsverket Les Miserables vart ferdigstilt og publisert i 1862. Vêl vitande både om verket sin kvalitet og aktualitet, selde Hugo det til høgstbydande. Det belgiske forlaget Laroix og Verboeckhoven gjennomførte då ein uvanleg stor reklamekampanje for si samtid, og sende ut pressemeldingar heile seks månadar før lanseringa. Som nevnt, vart romanen utseld på få timar, og fekk ein svært sterk innverknad på det franske samfunnet.

Frankrike

Fembindsverket Les Mis har då òg klare linjer til Hugo sitt aktive politiske liv, som byrja ved revolusjonen i 1848. Same våren vart han valt inn i grunnlovsforsamlinga, og året etter i nasjonalforsamlinga. Hugo merka seg ut med det sterke engasjementet i sosiale spørsmål, han tala dei fattige og svake si sak og kasta seg inn i kampen mot dødsstraff på generelt grunnlag. Hugo var her meir enn forut for si tid, for sjølv om ingen kunne dømast til døden av politiske grunnar etter 1848, vart ikkje dødsstraffa oppheva i Frankrike før i 1981.

Handlinga i Les Mis spenner over tidsrommet 1815 til 1832 i eit svært uroleg Frankrike. Landet, som er prega av etterverknadane både frå den store revolusjonen og Napoleon-krigane, er i desse åra arena for ei rekkje maktkampar mellom ulike sosiale grupper. Borgarskapet sin veksande posisjon og ein begynnande industriell revolusjon fører til politisk og sosial uro i Paris, først i 1830-revolusjonen og så i juli-opprøret i 1832. Nettopp det dramatiske juliopprøret står sentralt i Hugo si historiske fiksjonsskildring.

Formidlinga

Koplinga til historiske hendingar så vel som forfattaren sitt sterke engasjement har utvilsamt innverknad på sjølve bodskapsformidlinga. Liv og lære – og ei sterk forteljing, som via musikalen har gripe menneske verda over. Øystein Wiik, som hadde hovudrolla då musikalen vart sett opp i Oslo i 1988, seier at med ei slik mektig historie som den Victor Hugo fortel, er det «som å lage ein musikal med Gud i baklomma». (Aftenposten Kultur januar 2013).

Midt i alle tema og trådar, kjem då òg det sentrale i Guds møte med mennesket tydeleg fram i forteljinga: tilbodet om nåde. Eit tilbod å ta i mot, eller vende seg frå, slik Les Miserables så tydeleg illustrerer.


Margunn Serigstad Dahle

Artikkelen er også publisert i avisen Dagen 

Print Friendly, PDF & Email