ARTIKKEL FOR LÆREREN: Hvilke siktemål kan litteraturundervisningen ha på en kristen skole? Hvordan kan og bør en kristen lærer nærme seg litteraturen? Hva vil det si å integrere fag og tro i norsk- og engelsk-faget?

Under finner du et utdrag fra artikkelen Menneskesyn i litteraturen Med eksempel frå romanen «Lord of the Flies»

Fag og tro i norsk og engelsk

Artikkelen er skrevet av Halldis Pollen og ble først publisert i Torgeir Flateby (red.): Tydelig kristen skole. Artikkelsamling ved 25-års jubileet til Kristne Friskolers Forbund i 2013. Lunde forlag.

Halldis Pollen har vært lektor ved Danielsen videregående skole, Kristen videregående skole Trøndelag (KVT) og Sygna vidaregåande skule. Hun har også undervist ved Vytautas Magnus University i Litauen og jobbet med studentarbeid i International Fellowship of Evangelical Students (IFES). Hun har hovedfag i engelsk.

Copyright 2020 © Halldis Pollen og Egill Danielsen Stiftelse. Dette heftet er tilgjengelig under Creative Commons-lisensen CC-BY-NC-ND.

 

Det anbefales å lese artikkelen i sin helhet. Under finner du noen utdrag.

Artikkelforfatteren gir eksempel fra undervisning på videregående skole. Den samme grunnlagstenkningen er like aktuell i grunnskolen.


Kva siktemål kan litteraturundervisningen ha på ein kristen skule?

Kva vil det det seie å integrere tru og fag (..)? Korleis kan og bør ein kristen lærar nærme seg litteratur generelt og denne litteraturen (Lord of the Flies) spesielt? Kva siktemål kan litteraturundervisning ha på ein kristen skule? Skal me sjå etter eit moralsk føredøme i personane fiksjonen? Bør verket ha ein klar etisk profil? Eller er det primære å få til ein god klassesamtale omkring det me les? Desse og liknande spørsmål lyt ein stille før ein går i gang med eit slikt leseprosjekt.

Ein vanleg bruk av litteratur er å leite etter personar som modellerer positive kvalitetar. Yngre elevar, særleg dei, likar personar som demonstrerer mot, styrke og omsorg, til dømes. Når borna blir tenåringar, verkar heltane i litteraturen kanskje klisjeaktige og utan kontakt med det levde livet. Litteraturen må no vise at røyndomen er meir kompleks og personane meir samansette enn det lesarane var i stand til å oppfatte tidlegare.

For ikkje mange tiår sidan var diskusjonen om god kristen litteratur levande, både internt i konservative miljø og i det offentlege rommet. Det fanst til dømes alternative kristne romanar, med klare heltar og antiheltar og eit fiksjonsunivers der Guds nærver var tydeleg i både einskildpersonar og samfunn. Kritikken mot slike romanar var hard: sjablongpersonar, ei forenkla framstilling av kampen mellom det gode og det vonde, utopia heller enn liv. I vår tid har mediesamfunnet blitt premissleverandør også i kristne kretsar. Sekularisering og individualisme, for å nemne dei kanskje viktigaste styringsmekanismane i det postmoderne samfunnet, gjev oss rammene for liv og livsutfalding. Den alternative kristne kulturen har mista mykje av sin påverknad, også innan fag som litteratur.

Romanlesing er definitivt eit høve til å integrere tru og fag

Romanlesing er definitivt eit høve til å integrere tru og fag, sjølv om me kanskje ikkje kan og bør ta i bruk såkalla kristne romanar. Eg har altså valt Lord of the Flies, fyrst og fremst fordi det er god litteratur, men også fordi boka egnar seg godt på ein kristen vidaregåande skule. Her vil eg vise noko av det eg trur det går an å gjere av tru–fag-integrering med den konkrete romanen.

Kampen mellom det vonde og det gode

(…) Også tenåringselevar treng tydelege personar i eit fiksjonsunivers. Eg trur ikkje me skal undervurdere behovet for forteljinga om kampen mellom det vonde og det gode. Dette er eit sentralt tema i litteraturen, og sjølv om den tidlegare omtala kristne fiksjonen kanskje har teke snarvegar i si handsaming av tematikken, så finst det også i ofte kyniske ungdommar klangbotn for denne.

Personane i nobelprisvinnar Golding si bok er skarpt attgjevne. Dei utviklar seg alle gjennom vårt møte med dei. Her har me truverdige personar som samstundes gjev lesaren høve til å sjå sant på ikkje berre kreftene i og rundt andre verdskrigen, men også på seinare hendingar. (…)

Kva hender med oss når autoriteten blir borte?

Den tsjekkiske forfattaren, dissidenten og statsleiaren Václav Havel (1936–2011) har sagt dette om identitet:

«I believe that with the loss of God, man has lost a kind of absolute and universal system of coor- dinates, to which he could always relate anything, chiefly himself. His world and his personality gradually began to break up into separate, incoherent fragments corresponding to different, relative coordinates. And when this happened, man began to lose his inner identity, that is, his identity with himself. Along with it, of course, he lost a lot of oth- er things, too, including a sense of his own continuity, a hierarchy of experience and values, and so on. lt’s as if we were playing for a number of different teams at once, each with different uniforms, and as though – and this is the main thing – we didn’t know which one we ultimately belonged to, which of those teams was really ours.»

Lord of the Flies viser korleis eit slikt tap av overordna autoritet artar seg for born i eit lukka samfunn. Kanskje ligg her eit av dei viktigaste tilknytningspunkta til vårt tru–fag-arbeid: Kva hender med oss når Autoriteten blir borte? Utviklinga i utøvd vondskap er her heilt logisk framstilt. Og vald og drap tek berre slutt når vaksenverda i form av ein britisk marineoffiser brått intervenerer i barneverda, etter at hans båt har blitt alarmert ved synet av den brennande øya.

 

Kva tema blir tekne opp i pensumlitteraturen?

Mange av lærebøkene i bruk i språk- og litteraturfag (…) har ein underliggjande agenda som skal promoterast også ved hjelp av litteratur.

Ei gardering er på sin plass her. Mange av lærebøkene i bruk i språk- og litteraturfag i vidaregåande skule har ein underliggjande agenda som skal promoterast også ved hjelp av litteratur. For så vidt er det ikkje korrekt at den postmoderne røyndomen er utan bod og reglar. Her er mykje stoff som skal formidlast. Eg nemner nokre tema: antirasisme, vern av natur og ressursar, fridom og sjølvrealisering, likestilling, kri- tikk av undertrykkjande samfunnsmekanismar, aksept av minoritetar. Ei novelle kan til dømes vise korleis tvangsekteskap framleis blir prakti- sert i mange kulturar. Ei anna kan få fram ei oppleving av immigrantar sitt møte med eit ukjent majoritetssamfunn.

Det problematiske sett ifrå ein kristen-pedagogisk synsvinkel er ikkje fyrst og fremst dei gode sakene som skal fremjast. Kristent menneskesyn og etikk meiner også at rasisme er nedbrytande og menneskefiendtleg og har vore årsak til store sosiale problem og endelaus liding, både i USA og i andre land. Slik sett bør me absolutt lese både Onkel Toms hytte og anna litteratur om dette. Men me gjer vel i å setje desse hjartesakene inn i ein større samanheng og ikkje minst kanskje supplere med vår tids blindfelt i etikken. For å nemne to brennbare tema: Når får me ei novelle om abortproblematikken? Kvar finn me litteratur som tek opp livet i Sør-Afrika etter apartheid? Begge deler finst, men kanskje ikkje i pensumlitteraturen enno.

Litteratur må få stå på eigne bein.

Dessutan hender det litteraturen blir brukt for viktigare føremål enn seg sjølv. Det var i si tid hovedkritikken mot den kristne litteraturen. No bør kanskje den diskusjonen flyttast over på anna mark: til dei mest aktuelle tema som sekularismen og humanismen er opptekne av. Litteratur må få stå på eigne bein. Difor må ikkje tru–fag-arbeidet overbruke sine utval. Lord of the Flies må lesast og tolkast på sine eigne premiss og ikkje primært illustrere eit menneskesyn me kan kjenne oss att i.

 

Menneskesyn og samfunnssyn som brennpunkt

Det er viktig at elevane ikkje berre får filosofiske problemstillingar skisserte, men også får ei eksistensiell oppleving av ei medrivande verd.

Menneskesyn og samfunnssyn vil altså vere to brennpunkt i vår aktuelle roman. Kven er mennesket? Er det godt eller vondt – eller kanskje ei blanding? (…) Det er viktig at elevane ikkje berre får filosofiske problemstillingar skisserte, men også får ei eksistensiell oppleving av ei medrivande verd. Dette er sjølve grunngjevinga for litteraturarbeidet. Romanar og anna litteratur gjer dette i større eller mindre grad, sjølvsagt. Det er eit svært viktig utvalskriterium at litteraturen appellerer til kjensler og røynsler.

Samspel mellom litteraturen og den dagsaktuelle situasjonen

Litteraturen kan vere eit godt utgangspunkt for refleksjon over eksistensielle spørsmål.

Klassen min skulle altså lese Lord of the Flies like etter 22. juli-hendingane. Godt vaksne kunne synast at samfunnet var gjennomsyra av drøftin- gar av det som hadde skjedd. Kanskje medieinteressa for alle sider ved saka nærast vart ei belastning. Eg er likevel ikkje sikker på at tilhøyrarar og sjåarar i skulen si målgruppe opplevde at dei hadde fått gjennom- drøfta saka på same vis som dei litt eldre. I alle fall vart det svært viktig for oss å gå inn og ut av litteraturen og dei faktiske hendingane medan me las. I dette tilfellet trur eg ei slik bok kan fungere terapeutisk ved at me fekk ein roleg og reflekterande samtale om mange aspekt både ved Utøya-hendingane og ved boka, ikkje minst grunnleggjande det vanskelegaste:

Kvifor tillet Gud at noko slikt skjer?
Kva motiverer eit menneske til slike handlingar?
Finst kvalifisert vondskap i einskildmenneske?
Kva rolle skal eit samfunn og ein sivilisasjon spele for å hindre utfalding av vondskap?
Betyr dette at born og ungdommar faktisk har potensial i seg til å drepe?

Det unike i ein kristen skule

Men det som truleg er unikt for oss, er dei svara me kan gje.

Er desse spørsmåla fullstendig unike for klasserom på kristne skular? Mest sannsynleg ikkje. Liknande samtalar har nok funne stad også på offentlege skular.

Men det som truleg er unikt for oss, er dei svara me kan gje, også som fellesskap på ein kristen skule: Det finst openberring i Guds ord, ikkje berre om det gode, men også om vondskap. Nokre gonger må det seiast så grafisk som mogleg for at det skal vere sakssvarande. Og mykje av det andre me arbeider med i undervisning og forkynning, får fulltonande meining berre mot det mørke bakteppet.

Difor er det viktig at den som drøftar ei bok som Lord of the Flies, kan bruke andre delar av Guds store forteljing slik at det blir relevant og aktuelt stoff. Ein slik samtale kan ikkje forserast fram, elevane må ikkje overfallast med slike sanningar, men litteratur kan skape ein naturleg situasjon for å utforske og tileigne seg desse sanningane. Dette er noko av den djupe meininga med tru–fag-arbeid.

 

Les mer om Fag og tro