Damaris Norge AS (DN) er eid av Tro & Medier, og er randsonevirksomhet for NLA Høgskolen – med særlig tilknytning til studiet Kommunikasjon og livssyn.|post@damaris.no

Oppdaga design

Denne undervisningsressursen er utarbeidet av Johannes Sæleset, som har vært daglig leder i BioCosmos. BioCosmos legger vekt på Intelligent Design som teori og tilnærming når det gjelder syn på universets tilblivelse og orden. I dette undervisningsopplegget gis en innføring i denne tenkningen utfra relevante læringsmål.

UNDERVISNINGSRESSURS: I dette undervisningsopplegget utforskar elevane om det går an å kjenna igjen design i naturen. Me kjenner intuitivt igjen design i dagleglivet. Design i naturen kan identifiserast ut frå same kriteria, også i biologien. Elevar som ser etter design i naturen kan få bruk for dette når dei seinare skal skapa teknologi for framtida. Ressursen kan tilpassast mellomtrinnet og ungdomstrinnet.

Synliggjøringen av det kristne verdigrunnlaget i naturfag

Kjerneelement, naturfag

Kompetansemål, naturfag etter 7.trinn

  • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar
  • skille mellom observasjoner og slutninger, organisere data, bruke årsak-virkning-argumenter, trekke slutninger, vurdere feilkilder og presentere funn

Kompetansemål, naturfag etter 10.trinn

  • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar
  • analysere og  bruke  innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger

Læringsmål

  • Elevane skal kunna utforska fenomen frå naturen og kvardagslivet og delta i diskusjon om fenomena er resultat av design.

Intro

I dette opplegget utforskar elevane om det går an å kjenna igjen design i naturen. Me kjenner intuitivt igjen design i dagleglivet. Design i naturen kan identifiserast ut frå same kriteria, også i biologien. Elevar som ser etter design i naturen kan få bruk for dette når dei seinare skal skapa teknologi for framtida.

Opplegget peikar på at visse deler av naturen som ikkje ser tilfeldig ut og tener ein hensikt best kan forklarast med ein intelligent designar. Dette kan støtta ei skapartru.

Kvar powerpointpresentasjon har notat til lysbilda med formidling, oppgåver og aktivitetar. Kursiv tekst er lærarrettleiing.

Oversikt

Undervisningsopplegg i fire delar

Undervisningsopplegg – filer

Varigheit

1 – Ser me design i naturen? Oppdaga design del 1 – powerpointpresentasjon 60 min
2 – Er DNA designa? Oppdaga design del 2 – kriteria for design
Oppdaga design del 2 – powerpointpresentasjon
30 min
3 – Utforskning Oppdaga design del 3 – arbeidsark utforsking av design 30 min
4 – Elevrefleksjon Oppdaga design del 4 – arbeidsark elevrefleksjon 10 min

Del 1 – Ser med design i naturen? 

Tid: 60 minutt

Elevane får her anledning til å utforska kjenneteikn på at noko er designa. Deretter får elevane anledning til å bruka kriteria for å bedømma om eit protein i cellene våre ser ut til å vera designa.

Utstyr

  • PC og storskjerm
  • Plattform for fleirsvarsoppgåver: Google forms/socrative/etc.

Opplegg

Denne videoen finner du i powerpointpresentasjonen:

Vurdering

  • Vurder ut frå munnleg deltaking:
    • I kva grad eleven deltek med eigne observasjonar vurderingar
    • Om eleven skil mellom observasjon og slutning
    • Om eleven grunngir sine påstandar

Del 2 – Er DNA designa?

Tid: 30 minutt

Fokus i denne delen er på DNA, og om det ser ut som at det er blitt til av seg sjølv eller designa. Denne delen kan brukast frittståande. I så fall må du leggja til ei eiga innleiing om korleis me menneske kjenner igjen design.

Utstyr

Opplegg

Bakgrunn

  • Menneske kjenner igjen design. Når me ser system eller mønster arrangert for eit formål veit me at det må stå eit sinn bak, ein designar. Slik kan vitskapen om intelligent design positivt identifisera design.
  • DNA
    • Grunnlag for alt liv ligg i arvestoffet DNA
    • DNA kan samanliknast med skriftspråk eller digital kode. Sjølv om det er ei forenkling som ikkje representerar kompleksiteten godt
    • Det finst ikkje kjemiske prosessar som kan forklara korleis DNA dannar informasjon for produksjon av protein, på same måte som bokstavkjeks ikkje har eigenskapar i seg sjølv som kan forma ord
  • Når me observerar til dømes ord med bokstavkjeks konkluderar me umiddelbart med at nokon står bak det me ser. Me veit frå all erfaring at personlege aktørar kan finna på og lag setningar. Det er like relevant å kobla inn denne erfaringa når me observerar DNA. Det krevst tydelegvis ein designar for å få til ei enkel setning av bokstavar, og det er ikkje annleis med byggesteinar i DNA.
  • Video om informasjon i biologi:

Del 3 – Utforsking

Tid: 30 minutt

Utstyr

I denne delen får elevane anledning til å anvende kriteria for å kjenne igjen design. Elevane får i oppgåve å utforska ting frå heime eller klasserommet og avgjera om dei ser ut til å vera designa eller ikkje.

Opplegg

Vurdering

  • Vurder ut frå skriftleg og munnleg deltaking:
    • I kva grad eleven gjer sine eigne observasjonar
    • Om eleven koplar forklaringar til observasjonar
    • I kva grad eleven er i stand til å stilla spørsmål ved observasjonar/påstandar/konklusjonar
    • Om eleven kan vurdera kvaliteten på eigne og andre sine utforskingar

Del 4 – Elevrefleksjon

Tid: 10 minutt

Utstyr

Opplegg

  • Del ut og be elevane skriva ned minst ein refleksjon på kvart spørsmål
  • Om tid: Gi rom for å stille spørsmål

Om forfatteren til undervisningsmateriellet

Johannes Sæleset er grunnskolelærer for trinn 5-10 og har skrevet doktorgrad i naturfagdidaktikk. Hans forskning handler om hvordan naturfaglærerstudenter lærer og underviser i praksis. Johannes har vært daglig leder i stiftelsen BioCosmos, og jobber nå som lærer ved Ekrehagen skole i Tromsø.

Til læreren for videre fordypning: Skapelse og naturvitenskap – fire ulike tilnærminger

Ung-jords-kreasjonisme: Ung jord, ungt menneske

SKAPELSE OG NATURVITENSKAP: Fire ulike tilnærminger. Her får du vite mer om ung-jords-kreasjonisme, representert ved Andreas Årikstad. Bibelens slektstavler forteller en klar historie om en ung jord og en ung menneskehet. Milliarder av år med utvikling er en feilslutning. Bibelen forteller at Gud bød, og det stod der.

2022-09-20T12:43:51+02:00Av |

Flott om du deler:

Gå til toppen