Design: Leap og Opplett
Innholdet på denne siden er gjengitt med velvillig tillatelse fra Moster 2024.no.

Moster 2024
Feira fortid – forma framtid

Frå maktsamfunn til rettssamfunn – Kristenretten 1000 år

I 2024 markerar vi at det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster. Med dette feirer vi starten på rettsstaten Noreg.

Moster 2024 har som målsetting å skape verdisamtaler om Noreg i samtida. Med innføringa av kristenretten i 1024 starta ein lang prosess mot eit felles nasjonalt lovverk, basert på den nye religionen. Med dette vart ei stor og omfattande samfunnsendring sett i gang, frå maktsamfunn til rettssamfunn.
Moster 2024 har derfor visjonen: «Feire fortid, forme framtid.»

Med utgangspunkt i statsdanningsprosessen for Noreg skal jubileet diskutere tre utvalde tema. Universelle verdiar som vi kan reflektere kring både ut i frå det historiske og det moderne perspektivet: «Fridom», «Rettsvern» og «Likeverd».

Les meir på Moster2024.no

Undervisningsressursar frå Moster 2024

Aktivitetshefte

Aktivitetsheftet er ein ressursbank beståande av ein pdf med korte oversiktstekstar, illustrasjonar, forslag til undervisningsopplegg med ulike aktivitetar og oppgåver og lenkjar til digitale ressursar.

Tidsreisa

Naviger i tidlinja og lær meir om ulike historiske hendingar og ulike tema.

Kahoot

Kahoot’n passar for 5. trinn og oppover.
Kva veit de om verdiane og historia bak 1000-årsjubileet på Moster i 2024?

Moster iz da thing!
– ei sakprosabok for unge om då Olav den heilage sette ting på Moster i 1024

På bestilling frå Moster 2024 har Bjørn Sortland skrive ei humoristisk og informativ bok som skildrar kva som skjedde på Moster i 1024.

«Moster iz da thing» er lettlest og gøy – trass i viking-vald, kamp, kjærleik og daud. I tillegg til historiske fakta, gir Sortland og den oppdikta skalden Sivert lesaren eit større perspektiv på vår nasjonale og lokalehistoriske kulturarv, og viser til kvifor vi kan sjå på denne hendinga som ein viktig del av samfunnsutviklinga for tusen år sidan, og starten på demokratiet i Noreg.

Les meir om boka på Moster2024.no

Frå makt til rett – 
Kristenretten på Moster frå 1024

Det er i dag vanskeleg å forstå kor radikal endring kristninga av samfunnet var.

Ein må skilja mellom to sider ved kristninga av Noreg. For det fyrste kristninga av einskildpersonar, familiar og kanskje bygder. Denne delen av kristninga byrja fleire hundre år før 1024. For det andre kristninga av det offentlege rom i samfunnet. Det vil seia at kristne verdiar vart ramma rundt alle sin kvardag. Det vart dei gjennom kristenretten, som var juridisk reglar som skulle sikra at ein levde i tråd med Guds vilje slik den vart forvalta på jorda av kyrkja. Vedtakinga av kristenretten på Moster i 1024 er viktig som eit steg mot kristninga av samfunnet i Noreg. 

Det er i dag vanskeleg å forstå kor radikal endring kristninga av samfunnet var.

Les meir i denne artikkelen på Moster2024.no.

Kristenretten enkelt forklart

Med kristninga kom ideen om at det finst noko som er rett, heilt uavhengig av maktforholda i samfunnet. Det var den retten som sprang ut av Gud og var lagt inn i skaparverket.

Kristenrett er ei samling av dei reglane ein må følgja for å leva eit kristent liv. Kristenretten vedtatt på Moster i 1024 innehaldt difor reglar om alt frå dåp og gravferd, om faste og kyrkjebygging, om heilagdagar og gjerehald rundt kyrkjegarden, til pliktene til biskop og prestar, og om trolldom.

Med kristninga kom ideen om at det finst noko som er rett, heilt uavhengig av maktforholda i samfunnet. Det var den retten som sprang ut av Gud og var lagt inn i skaparverket.

Les meir i denne oversikten på Moster2024.no.

FRIDOM

I vårt samfunn er ein av dei viktigaste verdiane fridom. Men kva vil det seie å vere fri? Og kor frie er vi eigentleg?

I år 1024 markerte kristenretten på Moster ein overgang frå eit tidlegare maktsamfunn til eit rettssamfunn. Trælar skulle bli kjøpt fri, og folk fekk rett til å kvile på søndagar og heilagdagar. Barn kunne ikkje lenger bli satt ut for å døy, og fleirkoneri blei forbode. Kvinner fekk også etter kvart rett til samtykke i ekteskap.

Heile fundamentet for menneskerettane er at alle menneske skal ha like mykje rett til fridom og moglegheit for sjølvrealisering. Fridom gjer oss val og sjølvstende. Men ynskje om fridom kjem frå erfaring med det motsette, nemleg undertrykking. Undertrykking kan kome i ulike formar. Alt frå nære relasjonar, til møte med eit mektig statsapparat.

Les vidare på Moster2024.no

RETTSVERN

For å skape forandring, er vi nøydd til å ha makt. Makt kan vere politisk makt, eit fleirtal. Det kan vere fysisk makt, økonomisk makt, det kan vere sosial og kulturell makt, berre det å vite meir enn andre kan gje deg mykje makt.

I år 1024 blei rettsvern skapt gjennom kristenretten for å hindre maktmisbruk. Reglar blei skrive slik at ingen skulle misbruke makta dei hadde, og rettsvernet skulle verne mindretalet mot fleirtalet. Kristenretten blei difor ekstra viktig for kvinner, slavar og dei svake i samfunnet, som til dømes at vanskapte barn ikkje lenger kunne setjast ut for å døy. Individet blei dermed tryggja ved lovgjevnad. Menneskeverdet sto i sentrum i tråd med det religiøse fundamentet som Kristendommen førte med seg. Det byrja ein prosess. Meir fridom, meir rettsvern. Da det fyrst blei innført, hadde det ikkje nok effekt. Men det sådde eit frø og utvikla seg sakte.

Les vidare på Moster2024.no

LIKEVERD

Likeverd er idéen en om at alle menneske har like stor verdi uavhengig av sosial posisjon. Kvinner, menn, rike, fattige, unge, gamle, kristne, muslimske, homoseksuelle og heteroseksuelle, alle har ei grunnleggande likskap. I dag veit vi at alle menneske har ei like stor verdi på tross av kjønn, funksjonsnivå, eigenskaper, livssyn, sosial status, etnisitet, språk og kultur.

Men historisk sett, er dette ein ny måte å tenkje på. Opphavleg var det slik at folk hadde ulike rettigheitar og ulik plikt i samfunnet ut frå sosial posisjon. Dette var noko av det mest radikale med kristenretten i 1024, men også det mest revolusjonerande. Dei innførte ein tanke om at alle hadde noko til felles, ein viss eigenverdi. På denne tida var dette ei stor omvelting. Frå no av skulle alle som anerkjente at retta si kom frå Gud, gravleggjast på ein og same gravplass.

Les vidare på Moster2024.no

Print Friendly, PDF & Email