Praksisdeling frå KRLE-fagdag, NLA Høgskolen

Utarbeida av lærer Petrin Listou Kvam og bearbeida i samarbeid med Damaris Skole Grs.

Litt kontekst

  • Opplegget vart presentert på NLAs fagdag i KRLE, 05.02.20. Sjå denne PPT-presentasjonen.
  • Ved presentasjon var opplegget under prosess, og fagsamtalen var ikkje enda gjennomført.
  • Opplegget har fått tilføyingar etter sjølve presentasjonsdagen (prøveark til fagsamtalen, gjennomføring av fagsamtale, bearbeiding og vurderingsarbeid).
  • Vi brukar den nye utgåva av Tro som bærer for 8. trinn som læreverk.

Målsetjing for praksisdelinga

  • Gi ein smakebit av eit undervisningsopplegg i kr.dom på 8. trinn: Abraham i fedrehistoria
  • Invitere til refleksjon over eigen praksis og diskutere om noko kan kallast «kristen undervisning»?

Førebuingsfase:

Her er  nokre av dei mål, føresetnader og rammer eg jobba ut frå då eg planla opplegget

Mål Rammer/Føresetnader
‘Misjonsmål’

  • Gud held sine løfter
  • Gud har ein plan for menneska

Faglege mål:

  • Eg kan forklare kva rolle Abraham har for Israelsfolket si historie og Guds plan for alle menneske.

Pedagogiske og didaktiske mål:

  • Kvar elev skal kunne erfare at dei kan bidra utfrå sine føresetnader.
  • Læringsaktivitetane skal utruste elevane til aktiv munnleg deltaking og meistring.
  • Respekt for eleven!
  • 28 elevar
  • Elevbakgrunn
  • Elevars faglege føresetnader
  • Munnlege ferdigheiter!
  • 3 assistentar

Kompetansemål etter 10.trinn, KRL

Læringsmål for elevane

Eg skal kunne:

  • delta i ein fagsamtale ved å fortelje, forklare eller vise kva eg kan om urtida
  • bli klar til å delta i fagsamtale om Abraham

Fagsamtale om urtida

Etter at vi hadde jobba oss gjennom stoff om Abraham, var det tid for å førebu vurderinga i temaet. ‘Fagsamtale’ vart introdusert for elevane. I timen skulle dei bruke kjent stoff – urtida  – i ei øving der målsetjinga var at dei fekk erfare korleis ein fagsamtale vert gjennomført.



Vi repeterte dei ulike hendingane i urtida som vi hadde jobba med i tidlegare timar. Fin sjanse til å repetere stoffet også!


Samtaleark

Som støtte i øvinga, fekk elevane eit samtaleark med illustrasjonar knytt til hendingane dei kjende frå urtida. Her er med vilje brukt illustrasjonar og ikkje tekst av fleire omsyn:

  • bilde forklarer meir enn tusen ord…
  • bildene var kjende for elevane frå opplegget om urtida
  • bilde krev ikkje ferdigheiter til å lese tekst, og kan difor invitere alle elevar til munnleg deltaking


Øving til fagsamtale

  • Elevane vart delte inn i grupper på 8 elevar.
  • Ein vaksen leia kvar gruppe, tok utgangspunkt i spørsmålsarket
  • Følgjande reglar for samtalen vart presentert:
    • rekk opp handa for å vise at du ønskjer å svare.
    • bidra til at samtalen vert trygg for alle: ver merksam på kroppsspråket ditt, at du ikkje kommenterer andres svar negativt…
    • det er lov å svare feil, eller å svare sjølv om du ikkje er sikker på svaret
  • Elevane fekk vite at fagsamtalen om Abraham ville bli tatt opp.

Spørsmål til øvingssamtalen:

  1. Kva kallar vi denne tida/bibelske perioden som desse forteljingane er henta frå?
  2. Vel eitt av bildene og fortel historia som høyrer til.
  3. Kvifor samla Noah to dyr av alle slag i arken?
  4. Korleis kom det vonde inn i verda?
  5. Kva var det Gud ville vise menneska i Babel?
  6. Kva fortel skapinga om Gud og forholdet til menneska og skaparverket?

Nokre tilpassa spørsmål:

  1. Kva for eit bilde handlar om syndefallet/då det vonde kom inn i verda?
  2. Kva for eit bilde viser historia om Kain og Abel?
  3. Kan du fortelje om korleis det var i Edens hage?
  4. Bibelen fortel at verda vart skapt. Kven skapte?
  5. Kva var ein ark?
  6. Kvifor måtte Adam og Eva forlate Edens hage?

Desse spørsmåla var forslag som dei vaksne kunne støtte seg på. Dei kunne også stille andre relevante spørsmål, vurdert ut frå situasjonen. Alle dei vaksne er trygge i rolla si, og hadde vore tilstades i timane, så dei hadde fått kjennskap til det samme innhaldet som elevane.


Lekse til fagsamtalen om Abraham

  1. Lag minst 3 lette spørsmål.
  2. Lag minst 3 litt vanskelegare spørsmål.

For at elevane skulle bearbeide stoffet om om Abraham, fekk dei ei lekse. Oppgåva var å formulere spørsmål. Metoden vart valt for å tilnærme seg stoffet på ein utforskande måte. Korleis elevane definerte lette og vanskelege spørsmål vart gjeve ope. Elevane fekk tilbakemelding og vurdering utan karakter i It’s Learning på arbeidet.

Døme på ulike typar spørsmål elevane laga

Faktaspørsmål:

  • Kva heiter byen Abraham kom frå?
  • Kva for tre religionar er Abraham stamfar for?

Refleksjonsspørsmål:

  • Kvifor blei Sara og Abraham usikre på om Gud ville halde det han hadde lova?

I timen  presenterte eg nokre av spørsmåla som elevane hadde laga, som døme på ulike typar spørsmål. Eg ønskja at elevane skulle sjå at nokre spørsmål er retta mot å vite fakta. Nokre fakta er lettare å få tilgang til, andre fakta krev at ein må ha lest stoffet godt. Refleksjonsspørsmål krev at ein kan tenkje sjølv: samanlikne, tolke, sjå ting i samanheng, aktivere kva ein sjølv trur.


Evaluering: Korleis var det å vere med i ein fagsamtale?

  • gøy, fordi alle kunne komme med meiningar, bli einige i staden for at ein snakka
  • greit, men følte ingenting
  • kjedeleg fordi det er kristendom
  • heilt greit, berre sa noko
  • litt stressande, visste ikkje kva du skulle spørje om, kanskje eg ikkje visste svaret
  • litt irriterande, for alle andre fekk spm. som eg kunne svare på,  men eg fekk spørsmål eg ikkje kunne svare på
  • ville likt betre å få prøve med øveark

Å høyre korleis elevane opplevde øvingssamtalen, var eit val mtp å late dei få medverknad i prosessen. Her fekk eg verdifulle innspel for korleis eg kunne hjelpe dei å førebu seg til fagsamtalen. Særleg dette med stress var viktig: fagsamtale er ei ny vurderingsform, og det er viktig å ta omsyn til at fagsamtalen skal kjennast trygg. Innspelet om øveark var også verdifullt: Dei ønskja noko konkret å forholde seg til i førebuingsfasen.


Elevane fekk komme med forslag til vurderingskriterier

Snakk saman 2 og 2: Kva skal vere med og bestemme kva karakter du får på fagsamtalen?

  • At svara er informative, heile setningar
  • Roleg, lytte til dei andre
  • Gi svar som hjelper andre
  • Riktige svar

Mine eigne kriterier som eg føyde til i etterkant:

  • At eleven kan uttrykke seg munnleg.
  • At eleven kan vise fagleg kunnskap.
  • At eleven har evne til å reflektere.

Vidare brukte vi litt tid på at elevane fekk komme med forslag til vurderingskriterier. Det interessante her er at dei få innspela som kom, var ein mix av kriterier for faglege kunnskapar og ferdigheiter, men også kriterier for korleis samtalen skulle føregå. Det gir meg ein indikasjon på at kanskje dei ikkje er trente på å lage kriterier, samt at det er viktig for dei at samtalen skjer på ein god måte der det er trygt å delta.


Refleksjon over praksis

Innspela frå elevane førte til at eg måtte føye til nokre punkt under rammer/føresetnader. Desse står under  linja.

Mål Rammer/Føresetnader
‘Misjonsmål’

  • Gud held sine løfter
  • Gud har ein plan for menneska

Faglege mål:

  • Eg kan forklare kva rolle Abraham har for Israelsfolket si historie og Guds plan for alle menneske.

Pedagogiske og didaktiske mål:

  • Kvar elev skal kunne erfare at dei kan bidra utfrå sine føresetnader.
  • Læringsaktivitetane skal utruste elevane til aktiv munnleg deltaking og meistring.
  • Respekt for eleven!
  • 28 elevar
  • Elevbakgrunn
  • Elevars faglege føresetnader
  • Munnlege ferdigheiter!
  • 3 assistentar

Praktisk gjennomføring:

  •  prøveark
  • vurderingskriterier
  • elevar som treng meir førebuing


Forslag til spørsmål i fagsamtalen om Abraham

Dette er innhaldet dei fekk i prøvearket. Dei hadde ei veke frå dei fekk prøvearket til fagsamtalen vart gjennomført. Det vart lagt vekt på å formulere spørsmål og vurderingskriterier som elevane hadde føresetnader for å forstå.

Du kan leite etter svar ved å:

  • Lese i kapittel 3 i Tro som bærer
  • sjå på svara til oppgåver du har jobba med i timane
  • sjå på Ressurser på It’s Learning i mappa Fedrehistoria

Fakta-spørsmål

  1. Kor kom Abram frå?
  2. Kven var Abram gift med?
  3. Kva veit du om staden Abram kom frå?
  4. Kvifor flytta Abram frå staden han kom frå?
  5. Kor flytta Abram til?
  6. Kva for eit løfte var det Gud gav Abram?
  7. Fortel på kva måte Gud gav løftet til Abram.
  8. Kva kallar vi eit slikt løfte?
  9. Korleis blei Abram far for første gong?
  10. Kva heitte den første sonen?
  11. Kva måtte skje for at Guds løfte til Abram vart oppfylt?
  12. Kvifor vart Abram sitt namn endra til Abraham?
  13. Kva betyr det at Abraham er stamfar?
  14. Kva for tre religionar reknar Abraham som sin stamfar?

Refleksjonsspørsmål

  1. Kva var det Gud ville vise Abram?
  2. Kva var problemet med løftet Gud gav Abram?
  3. Kva problem oppstod då Abram fekk sin første son?
  4. Var Guds løfte oppfylt då Abram fekk den første sonen sin?
  5. Kvifor begynte Abram å tvile på at Gud ville halde løftet sitt?
  6. Kva trur du Abraham lærte om Gud ved det som skjedde?
  7. Kva rolle spelar Abraham i Guds plan for Israelsfolket og alle menneske?

Vurderingskriterier

Dette vil bli lagt vekt på når du skal bli vurdert:

  • Innlevering av lekse på It’s Learning
  • At du er munnleg aktiv i samtalen ved å
    • fortelje
    • forklare og
    • reflektere (tenkje deg fram til svar)
  • At svara du gir er mest mogeleg utfyllande.
  • At det du seier i samtalen viser at du har kunnskap om Abraham.

Gjennomføring av fagsamtalen

  • Timen starta med ein felles introduksjon, der reglar for samtalen vart repeterte. NB! Eit eige rom var gjort tilgjengeleg for kvar gruppe.
  • Elevane vart delte inn i grupper, sett opp på førehand. Gruppesamanstejinga vart gjort utfrå min kjennskap til elevane. Eg valde å ha ein mix i kvar gruppe av elevar som vanlegvis er munnleg aktive i timane, og elevar som ikkje seier så mykje.
  • Dei hadde ikkje med seg hjelpemiddel (bok, notatar etc.) til samtalen.
  • Ein vaksen leia samtalen. Dei hadde fått spørsmålsark tilsendt før timen.

At elevane ikkje fekk noko samtaleark med bilder denne gongen skilde seg frå øvingssamtalen. Dette er noko eg har sett i etterkant, og som eg ikkje var vaken for å vurdere undervegs i prosessen. Ingen av elevane etterspurte samtaleark, men det betyr ikkje nødvendigvis at det ikkje var behov for det, eller kunne gi støtte til nokon som kanskje trengde det…

VIKTIG: Vi brukte taleopptak-app’ar på våre private mobiltelefonar for å ta opp samtalane. Her oversende dei vaksne lydfilene til meg rett etter samtalen, og så sletta dei filene frå telefonane sine. Samtalane lagra eg på skulens lagringsområde, som er kryptert og krev tostegs-autentisering.

 


Bearbeiding av samtalen

Medan eg lytta til kvar samtale, noterte eg det elevane sa i eit skjema som dette:


Vurdering av samtalen

Elevane fekk mi vurdering av samtalen tilsendt på It’s Learning. Her er døme på to tilbakemeldingar som vart gjeve:

 

MERK: Namna er fingerte. Karakterane elevane fekk var frå skalaen 1-6, med 6 som beste karakter.
Nokre elevar har solide fagkunnskapar som strekkjer seg ut over det som eigentleg kan forventast. Andre elevar stiller med ingen eller få forkunnskapar. Spennet er stort. Likevel er det ei målsetjing at kvar elev skal få framovermeldingar som er forståelege, konkrete og motiverande for å strekkje seg vidare frå sitt utgangspunkt.


Eigenrefleksjon knytt til opplegget

Positive erfaringar

  • Fagsamtale er ein metode som freistar til gjentaking for å vektlegge munnlege ferdigheiter.
  • Å involvere elevane i prosessen var motiverande og gav viktig innverknad på opplegget.
  • Motiverande å lytte til elevsvar som del av vurderingsarbeid.
  • Innspelsrunde med elevane etter fagsamtalen gav stadfesting på at dette var ei ok vurderingsform.

Erfaringar for vidare utvikling

  • Ta i bruk støtteark med illustrasjonar når ein gjennomfører fagsamtalen?
  • Lage tilpassa prøveark til elevar som vegrar seg for å snakke?
  • Ha ein evalueringsrunde med dei andre vaksne, for å fange opp viktige moment for gjennomføringa el. anna?
  • Gi elevane fleire høve til å trene på å lage vurderingskriterier.

Tilføyingar til eigenrefleksjon

Vurderingsarbeid vil alltid ta tid. Eg brukte om lag fire klokketimar på bearbeidinga av elevsvar og tilbakemeldingar til elevane. Eg trur ikkje dette skil seg vesentleg frå kva tid eg brukar på å rette skriftlege prøver, med tilbakemelding til elevane. Så høyrer det med at dette er noko av det eg synest er motiverande, for då får eg sjå om målsetjingane har nådd elevane. 


Kan noko kallast «kristen undervisning»?

Å drive undervisning i kristen friskule handlar etter mitt syn om mykje meir enn kva vi underviser om!

  • Har vi fleire målsetjinga enn dei reint faglege?
  • Kva skal behandlinga av temaene vi underviser i fortelje om kven Gud er i vår kvardag?
  • Og: Kva formidlar dei metodiske og didaktiske vala vi tek, dei læringsmønstera og læringsaktivitetane som elevane opplever i klasserommet?
  • Eg meiner at dette må vi også kunne grunngje ut frå vårt syn på kven eleven er, verdifulle og skapt av Gud. Likefullt bør det vere ei grunngjeving for kven vi er som lærarar, korleis får trua prege våre pedagogiske avtrykk?
  • Om vi tilstrebar ein samanheng mellom tru og læring, kan vi kanskje snakke om at det er noko som heiter kristen undervisning?

 

Print Friendly, PDF & Email